top of page

Kvifor slår du meg då?

Vi går inn på gårdsplassen til øvstepresten. Det er Skjærtorsdag. Nokre vaktmenn har tent opp eit bål på plassen. Det har dei gjort fordi det er kaldt. Kaldt på hendene og kaldt på føtene.


Jesus for øverstepresten. Oljemaleri av Gerard van Honthorst (ca. 1617)


Kappene, uniformene og rustningane held dei ikkje varme. Sverda eller spyda kan heller ikkje verne dei imot kulden dei kjempar imot. Kroppane frys og det er kaldt i fleire hjarte.


Glørna frå bålet lyser opp ansikta. Vi gjenkjenne Peter. Han også frys. Han står der ved bålet og varmar seg. Det er kaldt, men for Peter vert det endå kaldere seinare på kvelden.


Hovedpersonen, står ikkje ved bålet. Hendene hans er bunde, som på en farlig forbryter. Kanskje han også frys?


No er det tid for avhøyr. Det er i løpet av dette avhøyret at Jesus får eit slag i ansiktet. Ein av vaktmennene som høyrde korleis Jesus svara øvstepresten, knytta neven og slo. Idet han slår spør han om det er slik han svarar øvstepresten. Fram til då har Jesus berre svara roleg på spørsmål om læresveinane sine og om læra si. Jesus har også sagt noko om at alt han har sagt og lært har skjedd i åpne rom, der jødar flest hadde adgang.


Det er etter dette at vaktmannen slår. Jesus var bunden. Uansett om hendene hadde vore frie ville han aldri slått tilbake.


Men rolig spør han vaktmannen;


Sa eg noko urett, så vis at det var urett! Men var det rett; Kvifor slår du meg då?

Vaktmannen hadde ikkje noko anna enn nevane å svare med. I mangel på argument, slår han kanskje endå eit slag.


Slaget i Jesu ansikt var eit profetisk budskap om noko meir som skulle kome.


På veg opp til Jerusalem hadde han sjøl samla dei tolv rundt seg og fortalt dei kva som skulle skje med han. Markus 10:33 fortel;


«Sjå vi dreg opp til Jerusalem og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden og gje han over til heidningane, og dei skal spotta han og spytta på han, piska han og slå han i hjel.»

Jesus visste at det var dette han kom til jorda for.


Dagen etter den kalde torsdagen, kledde nokon av han kappa, fletta ei tornekrune og sette den på han. Nokon spytta han i ansiktet. Dei gav han ein stokk i handa, før dei hånte og lo av han. Deretter tok dei stokken ut av hendene hans for å bruke den som slagvåpen retta mot hovudet hans.


Og Jesus kunne sagt; Er eg ikkje konge, og dersom eg er det? Kvifor slår du meg då?


Andre ville slå og piske ryggen hans. Dei ville slå boltar gjennom hendene hans og føtene hans. Dei ville slå Jesus, fordi landshovdingen Pontius Pilatus på den langfredagen sa at dei berre kunne gjer det.


Også då kunne Jesus ha sagt; Har eg gjort noko urett, dersom eg ikkje har gjort det; Kvifor slår du meg då?


Og når det siste slaget råkar han, kunne han stille spurt; Er eg ikkje Sonen din Far? Elskar du meg ikkje? Og om du elskar meg; Kvifor slår du meg då?»


Svaret på desse spørsmåla går djupere enn nokon vaktmann eller romersk soldat kunne svare på. Berre Gud visste.


Jesus vart nemlig slått for alle som stod rundt bålet den kaldaste av alle torsdagar. Han blei slått for alle som bannar eller dreg seg unna for å slippe ubehag. Han blei slått for alle som står der med sverd og spyd med blod på. Han blei slått for alle som slår.


Han blei slått til døden for oss alle. For alle som frys, alle med kalde hender, kalde føter og kalde hjarte.

Slaga som skulle ramma oss alle, traff Jesus, for at vi skulle slippe.


For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh.3:16)

Andakta er ei redigert utgåve av ein episode i serien; Har du svaret?







130 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page